Finansminister Trygve Slagsvold Vedum vil svare på spørsmål frå deg

Framtida Junior skal intervjue finansministeren og vi vil stille han ditt spørsmål!

Trygve Slagsvold Vedum vil svare på spørsmål frå lesarane våre, og no håpar vi du vil sende inn spørsmåla dine.

Finansministeren har ansvar for korleis pengane i landet blir brukt og fordelt. Kanskje er det noko du tykkjer det skulle blitt brukt meir pengar på? Eller kanskje du lurar på kva ein gjer på arbeid når ein er finansminister?

Send inn spørsmåla dine til ragnhild@framtida.no

Frist: Alle spørsmål må vere sendt inn før klokka 15.00 tysdag 5. november. Spør gjerne ein vaksen om hjelp til å sende inn spørsmåla dine.