Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober er ein internasjonal FN-dag som blir markert i meir enn 150 land.
Dagen blir markert for å auke bevisstheit om psykisk uhelse.
Verdsdagen for psykisk helse blir årleg markert med ein kampanje.
I år heiter han #gi8minutt og oppmodar folk til å sette av 8 minutt til å ringe nokon du bryr deg om – kvar dag.
«Korte, regelmessige telefonsamtaler på rundt 10 minutt har ein betydeleg positiv effekt på einsemd, angst og depresjon», står det på sidene til Verdsdagen for psykisk helse.
Treng du å snakke med nokon? Ring Mental Helse på 116 123 eller Kirkens SOS på 22 40 00 40