Peru
- Land i Sør-Amerika
- Kyst mot Stillehavet
- Grensar til Ecuador, Bolivia, Chile, Brasil og Colombia
- Hovudstad: Lima
- Innbyggjartal: 33,4 millionar
- Språk: spansk, quechu, aymara
Figurane i Nazca-ørkenen, som er kalla geoglyfar, er så store at dei berre gjev meining om ein ser dei frå lufta. Dei er laga av liner og geometriske formar som er teikna inn i ørkenlandskapet.
No har forskarar ved universitet i Michigan gjort nye oppdagingar av fleire hundre geoglyfar, skriv Forskning.no.
Forsking med hjelp av kunstig intelligens
Forskarane gjorde oppdagingane ved å gå gjennom satelittbilde frå Nazca-ørkenen med hjelp av kunstig intelligens.
Dei rundt tre hundre geoglyfane som no er oppdaga, er mange delvis utviska. Dette har gjort dei vanskelege å oppdage tidlegare.
Uvisst kvifor dei vart laga
Før nyppdaginga var forskarar kjende med omrent 400 geoglyfar i Nazci-ørkenen. Dei mest kjende førestiller ein kolibri, ein kondor, ei øgle, ein edderkopp, ein kval og ei ape, og er mellom 45 og 285 meter lange.
Geoglyfane blei laga i perioden 200 til 600 år etter vår tidsrekning. Årsaken til at dei blei laga er ukjend.