Trump-song sikrar store summar til dyrevern i Springfield

Den sør-afrikanske musikaren The Kiffness donerer alle inntekter frå den virale songen, laga av sitata frå Donald Trump i ein politisk debatt.

Artisten David Scott, også kjent som The Kiffness, er stor på Youtube og lagar ei rekke låtar i remix med kjente internettvideoar med folk og dyr frå heile verda.

Tidlegare har han laga eit heilt album dedikert til kattar, og donert halvparten av inntekta til ein lokal dyrevernorganisasjon i Sør-Afrika. Han har også donert til ei rekke andre prosjekt og organisasjonar gjennom åra.

Sitat frå presidentdebatt

No er han blitt verdskjent for låta They’re eating the cats.

Sitatet kjem frå tidlegare president Donald Trump under førre vekes presidentdebatt med motkandidaten Kamala Harris. Trump påstod at innvandrarar i byen Springfield i Ohio, stal og åt kattar, hundar og andre kjæledyr. Påstanden har blitt avvist av politiet i Ohio.

Over 160 000 kroner til dyrevelferd

Kiffness-fans sende klippet til han og ba om ein remix, og den har blitt delt og vist på ulike plattformer. I skrivande stund har den over 6 millionar visningar på Youtube, seks dagar etter han vart lagt ut.

– Min første motivasjon for å remixe sitatet var fordi eg syntest det var gøy og rart, men eg kjente også at det var eit melodisk element i setningane, sa han til Newsweek i eit intervju.

På nokre minutt hadde han grunnlaget for songen klar.

Inntektene skal han donere til Clark County SPCA, ein dyrevernsorganisasjon i Springfield. Tysdag kveld, fire dagar etter publisering, hadde songen tent inn 168 000 kroner gjennom Youtube åleine, ifølgje Newsweek.