Barneskuleelevar har kvalitetssikra leksikon

1400 elevar har hjelpt til i arbeidet med å lage Vesle norske leksikon – eit leksikon for barn og unge.

12. september var det offisiell opning av Vesle norske leksikon. Ho bestod av eit leksikonshow med kviss mellom eit elevlag og eit vaksenlag. Du kan lese meir om kvissen her!

Fleire tusen mellomtrinnselevar var med på på opninga både på scena, i salen og som digitale tilskodarar. Mange av desse var såkalla elevsjekkarar.

Å vere elevsjekkar vil seie at ein har lese minst éi tekst i Vesle norske leksikon. Medan dei las har dei kontrollert at teksta er forståeleg og at ein kan lære noko av ho.

FULL SAL: Salen var fylt av mellomtrinsselevar frå ulike skular som alle har bidrege til Vesle norske leksikon som elevsjekkarar. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Elevsjekkarar

Aline Rushfeldt-Ellefsen (12), Sharif Qureshi (11), Yafiet Daniel Bahta (12) og Martinius Aleksander Isnes (12), som går på sjuande trinn ved Blystadlia skule, har elevsjekka tekstane om Politikk og om Marco Polo.

– Det var veldig gøy. Vi gjorde det i ein norsktime, så det gjorde timen ekstra spennande, fortel Alina.

Dei fire elevane er glade for å ha tilbodet Vesle norske leksikon, så dei har ein plass å søkje om dei treng svar på noko.

– Vesle norske leksikon er veldig mykje enklare å bruke enn Store norske leksikon, seier Martinius.

DIGITAL DELTAKING: Elevsjekkarar deltok på opninga av Vesle norske leksikon både digitalt og fysisk. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Sjuandeklassingane trur det nye leksikonet kan vere med på å gjere det enklare å finne sann informasjon.

– Det er dumt at folk driv og spreier falske nyhende om andre. Det kan vere litt vanskeleg å forstå kva som er falske nyhende og kva som er ekte nyhende, seier Sharif.