Presidentvalet i USA
- 5. november 2024
- Presidentkandidatar: Kamala Harris og Donald Trump
- Kamala Harris tilhøyrer Det demokratiske partiet
- Donald Trump tilhøyrer Det republikanske partiet
Kjelde: Store norske leksikon.
Taylor Swift har, som ein av verdas største artistar, ei stor påverknadskraft hjå unge kvinner. Dei er ei viktig veljargruppe for presidentkandidatane Kamala Harris og Donald Trump, skriv NRK.
– Eg stemmer på Harris fordi (…) eg trur ho er ein stødig og evnerik leiar. Og eg trur vi kan oppnå så mykje meir i dette landet viss vi blir leidde på ein roleg måte, ikkje med kaos, skreiv artisten på Instagram.
Artisten skreiv også at årsaka til at ho no går ut og viser si støtte til Harris, er at det nyleg blei delt ei falsk, KI-generert støtteerklæring frå ho til Donald Trump.
USA-ekspert Sofie Høgestøl seier til NRK at ho trur artisten si støtteerklæringa til Harris kan vera viktig for utfallet i vippestatane i USA.
Derfor er vippestatane så viktige
Ein vippestat er ein delstat der innbyggjarane er ganske jamt delt når det kjem til kven av dei to presidentkandidatane dei vil stemme på.
I presidentvalet er det talet på valmenn som avgjer kven som blir president. Den som får flest stemmer i ein delstat får alle valmennene i denne delstaten. Den som vinn presidentvalet er den som klarer å samla flest valmenn. Derfor er det ekstra viktig å samla stemmer i dei delstatane der presidentkandidatane står ganske likt.