— Mange unge søv for lite fordi dei sovnar seint, men må opp tidleg på skulen, fortel Ingvild West Saxvig.
I Bergen har Ingvild og andre forskarar forska på seinare skulestart i eitt år allereie. I Oslo startar dei med det same no i haust. I Bergen har dei testa det ut på vidaregåande skule, og latt ungdommane starta på skulen klokka 10 kvar måndag. Det er to timar seinare enn normalt.
— I Oslo skal me no forska på ungdomsskuleelevar for å sjå korleis skulestart ein time seinare kvar dag vil påverka søvnen deira, fortel Ingvild.
Søvn og psykisk helse
Men kvifor er det eigentleg så viktig å få nok søvn?
— Viss ein søv for lite, kan det bli vanskeleg å konsentrera seg, og ein kan bli trist og irritabel, forklarer Ingvild.
Ho meiner kunnskap om søvn må inn i undervisninga.
— Me bør læra om søvn akkurat som vi lærer om kosthald og fysisk aktivitet. Kanskje skulane òg bør starta seinare slik at ungdommane kan få nok søvn? Det er det me prøver å finna ut av no, seier ho.
Visste du at?
Mange meiner at mobiltelefonar gjer det vanskelegare å sovna, og det er noko i det. Lyset frå skjermane kan gjera oss meir vakne. Men det er ikkje berre lyset som forstyrrar; innhaldet kan òg halda oss oppe.
— Når du legg deg med heile vennegjengen på mobilen, er det vanskeleg å sovna. For mange ungdommar er det òg vanskeleg å avslutta ein spennande TV-serie eller eit spel, seier Ingvild West Saxvig.
Tre nyttige søvntips:
1Hald fast på ein fast rutine
Stå opp til same tid kvar dag, også i helger, sjølv om du har vore seint oppe kvelden før. Unngå å sova meir enn 1-2 timar lengre i helgene enn i kvardagen, slik at du ikkje forstyrrar døgnrytmen din.
2Bruk lyset klokt
Få masse dagslys om morgonen og føremiddagen ved å dra opp gardinene og komma deg ut. På kvelden bør du unngå sterkt lys, spesielt frå skjermar, for å gjera det lettare å sovna.
3Unngå ting som held deg vaken
Pass på kva du et og gjer før leggetid. Unngå koffein og energidrikker etter klokka 17, og ikkje tren for seint på kvelden. Legg bort mobilen før du legg deg, og styr unna ting som stressar deg, som nyheiter eller oppgåver.