Dette ønskjer dei å klare innan 2032, skriv The Guardian.
Allereie innan 2026 planlegg Lego at halvparten av produkta deira skal vera laga av fornybar eller resirkulert plast. At noko er resirkulert vil seia at det er brukt om att.
Endringane Lego gjer for å bli meir miljøvennlege gjer at kostnadane til selskapet vil auke med 70 prosent.
I dag består 22 prosent av produkta deira av miljøvennleg materiale, mens resten er laga av plast laga av fossilt brensel.