Mange har blitt meir negative til å ha konge eller dronning

Nesten 4 av 10 nordmenn har fått eit meir neagtivt syn på kongehuset.

I ei ny undersøking gjennomført for NRK kjem det fram at 36 prosent har fått eit meir negativt syn på kongehuset.

Då NRK stilte det same spørsmålet for to år sidan svara 17 prosent det same. Det vil seia at det har blitt mange fleire som er kritiske til at vi har monarki i Noreg.

President eller konge/dronning?

PRESIDENT: Joe Biden, president i USA. Foto: Evan Vucci, File / AP Photo / NTB

Monarki vil seia at den øvste leiaren i eit land er fyrste/fyrstinne eller konge/dronning. Det vil seia at leiaren ikkje er valt av folket, men har arva posisjonen sin.

Den alternative styreforma til monarki er republikk. Republikk inneber at den øvste leiaren i landet er ein president som er valt av folket, slik det til dømes er i USA.

Prinsessebryllaup og vald

Årsaka til at mange svarer at dei har fått eit meir negativt syn på monarkiet er mellom

BRYLLAUP: Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett giftar seg denne helga. Foto: Geir Olsen / NTB

anna forholdet til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett.

Dei siste åra har paret sagt og gjort ting som folk reagerer på og ikkje er samde i. Denne helga skal paret gifte seg i Geiranger.

I tillegg er Marius Borg Høiby, sonen til kronprinsesse Mette-Marit, ei årsak til at folk er meir negative til kongehuset. Tidlegare i sommar blei det kjent at han mellom anna har vore valdeleg mot kjærasten sin. Dette blir no etterforska av politiet.

Kven bør leie Noreg i framtida?

Kven bør leie Noreg i framtida?

Ein konge eller ei dronning17
Ein president70
Svar totalt: 87