Nauroz har røter fleire hundre år attende. I 2009 blei nauroz utnemnd som immateriell verdsarv av UNESCO.
Dagen vert feira i heile det persiske kulturområdet i Midtausten, Sentral- og Sør-Asia og hjå bahaiar, parsiar og mange muslimar over heile verda.
I Iran, Kurdistan, Irak, Aserbajdsjan, Afghanistan, Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan er det ein offentleg høgtidsdag.
Fleire ulike skikkar og symbol er knytt til dagen. I månaden før nauroz blir det halde ei grundig vårreingjering.
Til sjølve feiringa er det vanleg å laga til eit bord kalla haft-sin, som tyder ‘sju s-ar’. Bordet blir dekt med sju ting som byrjar med s på farsi, til dømes sabzeh (matspirer), samanu (kveitespirepudding), sib (eple), sonbol (hyasint), senjed (russisk sølvbusk), sir (kvitlauk), serkeh (eddik), sikkeh (gullmyntar) og somagh (sumak).
Egg, spegel, gullfisk, levande lys og rosevatn er også vanleg.
Vidare kan ein ha tørka frukt, søtsaker, nasjonalfargar og ei heilag bok (som Avesta, Koranen eller Kitáb-i-Aqdas) eller ei diktsamling.