Forskarar har funne restane av ein raud leppestift sør i Iran. Dei fann leppestiften i ein gammal gravplass i 2001, men det har tatt lang tid å finne ut at det faktisk var ein leppestift, skriv BBC.
Leppestiften blei funne i ein steinbehaldar og blei truleg tatt på leppene ved hjelp av ein børste. Forskarane trur dei rikaste kvinnene i samfunnet brukte leppestift for å vise at dei hadde høg status.
Leppestiften er 5000 år gammal. Dette er den eldste leppestiften forskarane har funne.