I Bangladesh bur det om lag 200 elefantar. Dei er av typen asiatisk elefant og er utryddingstruga på grunn av krypskyting og mindre område å leve på. Halvparten av elefantane lever i det fri, mens halvparten er fanga og blir brukte til sirkus og dyreshow.
Det har vore lov å fange unge elefantar, men no har Høgsterett i landet bestemt at det skal bli forbode. Dette skal sikre at elefantane ikkje blir utnytta.
Leiaren for gruppa People for Animal Welfare Foundation, Rakibul Haque Emil, sa ifølge BBC at han håpte dei elefantane som lever i fangenskap, kan bli sloppe fri i naturen igjen.