Heile 108 stemmer stemte ja til forbodet, og berre 9 stemte nei. Målet med forbodet er å verna den psykiske helsa til barn og unge, skriv NRK.
Skal sjekka alder
Det betyr at alle selskap som står bak sosiale medium må avslutta alle kontoar som tilhøyrer brukarar under 17 år. Styresmaktene har også bestemt at selskapa må nytta eit nytt system som skal kontrollera at alle brukarar er fylt 17 år.
Kritiske stemmer
Det er også mange som er kritiske til lova. Dei meiner at ei slik lov bryt mot den grunnlovfesta ytringsfridommen og at det er opp til foreldre, ikkje styresmaktene, å bestemma om barn skal ha sosiale medium.
Det var NTB som fyrst omtala saka i Noreg.