Går verda tom for helium?

Ung.Forskning.no har snakka med ein professor for å undersøke om det stemmer at verda manglar helium.

Fakta om helium:
  • Den nest lettaste av alle gassar. Berre hydrogengass er lettare.
  • Eit grunnstoff med symbol He og atomnummer 2.
  • Ein fargelaus, luktfri, smaklaus, ikkje-giftig gass og den første i edelgass-gruppa i periodesystemet.
  • Kokepunktet er blant dei lågaste av alle grunnstoffa.
LES FAKTALUKK FAKTA

Mange kommunar seier nei til heliumballongar på 17. mai fordi det gir mindre plastsøppel og mindre bruk av helium. Men er verda i ferd med å gå tom for gassen som får ballongane til å sveve?

– Det har vore mykje snakk om at heliumet i verda går tomt, seier professor Reidar G. Trønnes til Ung.Forskning.no. Han jobbar ved Naturhistorisk museum og Senter for Jordas utvikling og dynamikk ved Universitetet i Oslo.

GIF: Giphy.com

Blir brukt til teknologi

Helium blir nemleg brukt til mange ting innan teknologien, og menneska finn stadig opp ny teknologi som brukar gassen. Den kjøler mellom anna ned magnetar i MR-maskinar som undersøker folk for kreft og andre sjukdommar.

Gassen kjem frå Jordas indre. I dag hentar me ut helium der me hentar ut olje og naturgass, men fangsten er for liten til å dekkja behovet.

Må fanga meir gass

Det stemmer heldigvis ikkje at heliumet går tomt, ifølgje professoren. Gassen siv nemleg opp gjennom bergartar og sprekkar til evig tid. Når helium blir sleppt ut i lufta, er det umogleg å henta gassen tilbake.

– Me må forska fram betre måtar å fanga det på. Viss ikkje held det berre fram med å siva ut, seier han til Ung.Forskning.no.