Snøleopardane trivst godt i Bhutan

Talet på snøleopardar har stige i det vesle asiatiske landet Bhutan.

Sjølv om det er få kattar i forhold til talet på verdsplan, er det viktig for arten at talet går oppover, skriv Verdens Beste Nyheter.

Snøleoparden er ein rovdyrart i kattefamilien. Dyret har lang, mjuk og tjukk pels som er farga i lyst grått med svarte eller grå flekkar, og kvit pels under buken, noko som gir perfekt kamuflasje i steinete fjellområde.

Hoppar langt

Dyret er tilpassa livet i hardføre, kalde klima og meistrar farefulle klatringar og stup i bratte fjellsider. Det er ikkje blant dei aller raskaste kattedyra, men kan til gjengjeld gjera spektakulære hopp på opptil 15 meters lengd.

Håpet er at andre land kan læra av Bhutans arbeid med å bevara arten, og at den bhutanske flokken kan spreia seg til nabolanda.

(Kjelde WWF.no)