Statistisk sentralbyrå (SSB) skriv at i 2022 var den totale mengda søppel i Noreg 12,1 millionar tonn. Det meste av dette er søppel frå bygg- og anleggsnæringa. Det er dei som for eksempel bygger hus og vegar. Dei kasta meir søppel enn dei gjorde året før, i 2021.
Men i heimen kasta vi mindre søppel. Her skriv SSB at frå 2021 til 2022 kasta vi 11 prosent mindre søppel i heimen. Dei skriv også at vi ikkje har kasta så lite avfall i heimane sidan 2010.