Politiet arresterte den 50 år gamle taxisjåføren i Tokyo på søndag. Han er mistenkt for å med vilje køyre inn i ein flokk med duer førre månad. Ei due blei drept. Det skriv The Guardian.
Ifølge lokale media skal taxisjåføren ha sett opp farten og køyrt inn i dueflokken. Han skal ha sagt at han gjorde det fordi «Vegar er for menneske. Det er opp til duene å unngå bilar». Ein forbipasserande melde han til politiet, og ein vetrinær undersøkte den døde dua. Veterinæren sa dua døydde av traumatisk sjokk.