Dette er vaksinane du får på skulen

Det er mykje snakk om vaksine i media. Særleg etter at meslingar har spreidd seg. Her er oversikta over vaksinane du kan få på barneskulen.

Grunnen til at vi tek vaksinar er for å få immunitet mot sjukdomar, utan å måtte bli sjuk fyrst. Ein får sprøyte med stoff som vernar mot smittesjukdommar. På denne måten slepp ein å bli sjuk, og ein hindrar å spreie smitta vidare.

Alle barn født i Noreg får tilbod om vaksinar gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.

Informasjon i denne saka er henta frå helsenorge.no

Du får ein del vaksinar før du startar på skule, men i oversikta på denne sida ser du kva tilbod du får i løpet av grunnskulen. Har du spørsmål om vaksinar kan du snakke med ein vaksen. – Lærar, helsesyster på skulen eller foreldra dine.

7–8 år (2. klasse)

Her får du vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt. Dette får du gjennom eitt sprøytestikk

11–12 år (6. klasse)

Her får du MMR-vaksina som er mot meslingar, kusma og raude hundar. Dette får du gjennom eitt sprøytestikk.

12–13 år (7. klasse)

Jenter får vaksinen mot Humant papillomavirus. Denne vaksinen beskytter mot livmorhalkreft og andre HPV-relaterte krefttyper.

Vaksinasjonen får du gjennom tre doser som du får i løpet av eitt år.

15–16 år (10. klasse)

Her får du andre dose mot difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomeyelitt. Dette får du gjennom eitt sprøytestikk.