I Noreg blir verdsdagen markert på ulike måtar over heile landet. Skular, studiestader, verksemder, kommunar, organisasjonar og engasjerte einskildmenneske gjer sitt for å setja fokus på psykisk helse denne dagen.
Lag plass til fleire
Ein av fem i Noreg opplever diskriminering på bakgrunn av sjukdom, kjønn, alder, etnisk opphav eller seksuell identitet. Er arbeidslivet, skulen, idrettslaget, nabolaget og vennegjengen vorte arenaer berre for dei som passar inn i malen? Sosial støtte kan redde liv, særleg i urolege tider. Me har alle eit ansvar for å laga plass til fleire, skriv Verdensdagen på nettsida si.