Fleire enn 3 000 elevar må vere heime frå skulen tysdag, skriv The Guardian. Skulane dei går på, ligg nærme område der det er skogbrannfare.
Temperaturane kan komme opp i 34 grader i Sydney. Det er også meldt vind. Dei høge temperaturane og vinden gjer at det er brannfare. Det er allereie fleire små brannar i området.
Forbode å grille
For å unngå fleire brannar, er det forbode å bruke eld utandørs på tysdag. Det er for eksempel forbode å grille ute. Dette er første gongen det er totalforbod mot bruk av eld i Sydney.
I løpet av tysdagen skal skulane avgjere om dei også skal halde stengt på onsdag.