Ifølge The Guardian er New Zealand eitt av landa der flest innbyggarar eig ein katt. Men det er i ferd med å endre seg.
New Zealand prøver å auke talet på fuglar du berre finn på New Zealand. Dei har mellom anna bygd store fuglereservat for å få fuglar med namn som tīeke, kererū og kaka til å trivast. Det har gitt resultat, og fleire får no lokale fuglar i hagen sin.
Menneskets venn, men fuglanes fiende
Men når fuglane returnerer, blir det tydelegare at ein av fiendane deira er familiens kjæledegge, katten. Fleire av dei The Guardian snakkar med, fortel at familiekatten angrip fuglane som kjem på besøk i hagen.
Ifølge ei undersøking om dyrehald i New Zealand, har talet på dei som eig katt som kjæledyr gått ned frå 48 prosent i 2011 til 41 prosent i 2020. No blir det diskutert korleis dei kan kontrollere kattehaldet. Nokre av forslaga er å halde kattar inne eller å innføre obligatorisk mikrochipping.