Kven er Imran Khan?
Imran Khan vart fødd i Lahore, Pakistan. Frå han var 18 år var han profesjonell cricketspelar. Idrettskarrieren utvikla seg veldig bra, han vart kaptein for det pakistanske laget og i 1992 leidde han laget til siger i verdscupen. Over tid tok han opp velgjerdsarbeid og vart sponsor for eit politisk parti. Som stemma til den unge generasjonen vart han vald til statsminister i 2018.
Kva skjer i Pakistan?
Det er ei økonomisk krise i Pakistan, landet har opplevd storflaum, jordskjelv og korrupsjon og ein militær trussel frå India. I april i fjor blei Imran Khan fjerna frå makta av militæret, ifølgje The Guardian.
Den tidlegare statsmisteren vart skulda for korrupsjon og tjuveri av offentlege gode. Søndag vart han arrestert, etter å ha blitt dømd til tre års fengsel.
Imran Khan seier han er uskuldig og vil anka til ein høgare domstol, og hevdar at rettssaka ikkje var rettferdig, sa advokaten hans til al Jazeera.
Hausten 2023 er det på ny val i Pakistan.