Mange daude i rekordflaumen i Pakistan

Aldri før har det regna så mykje i Pakistan. 33 millionar menneske er råka av flaum.

Sidan midten av juni har det kome enorme mengder regn i pakistan. Ifølgje FN og pakistanske myndigheiter har over 1100 menneske mista livet. 350 av dei som mista livet er born. I alt er over 33 millionar menneske råka av flaum og skred som følgje av årets regnsesong. Vatnet har øydelagt både hus og avlingar.

No samlar norskpakistanarar inn pengar for å hjelpa offera.

– Eg synest det er forferdeleg. Eg har eigentleg berre lyst til å fly ned dit og hjelpe. Når du opplever at landet du er fødd i og oppvakse i blir så hardt råka, er det vondt, seier Samina Tagge til NRK.