Forskaren Clément Vinauger og forskarkollegaene hans ville finne ut om dusjsåper som luktar blomar gjer at folk får meir myggstikk, skriv Ung.Forskning.no.
Dei undersøkte luktene til fire frivillige menneske – før og etter at dei hadde brukt såpe.
- LES OGSÅ: Sure sokkar er favorittlukta til mygg
Tre av dei fire såpene, alle med lukt av blomar, var freistande for myggen.
Den siste såpa var mindre freistande. Grunnen til det kan vera at han hadde kokosnøtt-lukt. Det er nemleg vist at mygg ikkje liker akkurat den lukta.
Likar sveittelukt også
Ung.Forskning.no har snakka med Sondre Dahle som er insektforskar ved NINA.
– Det beste er kanskje å vaska seg med såpe utan lukt av blomar, seier han.
Myggen syg nektar frå blomar om natta når det er mørkt. Det er ho-myggen som er blodtørstig.
– Ho treng eit spesielt protein for at egga hennar skal utvikla seg. Og det finst i blodet vårt, seier han.