Kamerun startar verdas første vaksineprogram mot malaria

Det afrikanske landet starta vaksineringa på måndag.

Kvart år døyr 600 000 menneske i Afrika av malaria, ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO). Malaria er ein myggsjukdom. Dei fleste som døyr, er barn under fem år.

No startar Kamerun eit vaksineprogram mot malaria, skriv BBC. I går, måndag 22. januar, fekk babyen Daniella den første vaksinedosen. Saman med myggnett og malariatablettar, kan vaksinen gi barn 90 prosent vern mot myggsjukdommen, ifølge ein britisk studie.

I løpet av året vil 20 andre land i Afrika starte vaksineprogram mot malaria.