Tilbodet om skulemat er eit samarbeid mellom styresmaktene i Nairobi og den frivillige organisasjonen Food4Education, skriv The Guardian. Food4Education gir allereie skulemat til 150 000 barn i byen. No utvidar dei tilbodet og gir mat til 225 nye barneskular og barnehagar.
For å vere klar til skulestart i august blir det bygt ti nye kjøkken som skal ha 3 500 tilsette. Kjøkkena vil bruke miljøvennleg energi, og maten vil komme frå lokalmiljøet.
Kvart barn får eit armband som dei bruker for å betale for skulemåltidet. Foreldra har på førehand betalt ein liten sum, og resten av kostnaden er dekt av styresmaktene og Food4Education.
Presidenten i Kenya, William Ruto, seier ifølge The Guardian at styresmaktene har tildelt 36 millionar dollar for å utvide det nasjonale skulematprogrammet frå 1,6 millionar barn til 4 millionar barn.