– Med dagens løysing, og basert på korleis me ser det i dag, så vil det i dei fleste tilfelle vera vanskeleg, seier direktør i Datatilsynet, Line Coll, til VG.
Det er mange som har engasjert seg i diskusjonen om breiddeidrett skal strøymast på internett. For eksempel har organisasjonen Stine Sofies Stiftelse lenge åtvara mot strøyming. Dei meiner fleire barn kan bli utsette for mobbing, vald og overgrep dersom idrett blir publisert nett.
No set Datatilsynet ned foten, og det gjer at det i praksis blir umogleg å strøyma breiddeidrett i Noreg.
Idrettar der fleire barn eller unge blir filma samtidig, kan som hovudregel ikkje blir lovleg gjennomført etter personregelverket. Det kjem fram i ei ny rettleiing frå Datatilsynet.
– Dersom idrettslag eller tenester strøymer lagidrett for barn, utover toppidrettsarrangement med allmenn interesse, så er det etter vår vurdering stor risiko for å behandla personopplysningar ulovleg, seier Coll til VG.
Unntaket er toppidrett eller idrett med «allmenn interesse».