Toppidrettsutøvar Birgit Skarstein: – Faktisk nyttig at det ikkje går bra

Birgit Skarstein har vore i verdstoppen både i para-roing og para-langrenn. Her kjem ho med tips til deg som ønskjer å bli god i idrett.

Birgit Skarstein har nettopp lagt opp som toppidrettsutøvar innan paraidrett. No skal ho bruke tida på å jobbe for NRK, studere, gi ut bok og vere med familie.

– Det er rart å ha lagt opp, sidan det er intenst å leve på den måten ein gjer som toppidrettsutøvar – det set preg på kva du gjer, kva du et, når du søv, kvar du er, fortel Birgit til Framtida junior.

Gav seg ikkje

I løpet av karrieren har Birgit vunne til saman 12 VM-medaljar og ho er regjerande verdsmeister og verdsrekordhaldar i para-roing.

Birgit trur årsaka til at ho har vorte verdas beste handlar om at ho er veldig god på å ikkje gi seg.

– Eg er god på å reise meg opp igjen etter at ting ikkje har gått heilt som dei skal og finne nye måtar å sjå og løyse ting på.

GIR ALT: Birgit Skarstein i finalen i roing under Paralympics 2024 i Paris. Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB

Idrettsglede saman

Den tidlegare toppidrettsutøvaren rår barn og unge som ønskjer å bli gode i idrett til å finne glede i sporten.

– Finn idrett du synest er gøy og den idretten som gir deg motivasjon og lyst til å fortsette. Og gjer det saman – bruk kvarandre og spel kvarandre gode.

Birgit poengterer òg at det tek tid å bli god, så om det er noko ein ikkje får til, bør ein prøve igjen.

– Det er faktisk veldig nyttig at det ikkje alltid går bra, for da finn ein ofte ut korleis ein kan gjere ting betre neste gong.

LANGRENN: Birgit Skarstein under Para-VM i snøsport på Lillehammer i 2022. Foto: Geir Olsen / NTB

Kva er du god på?

Til barn og unge som ønskjer å bli gode, men trur dei ikkje kan, tipsar Birgit om å finne ut kva ein sjølv er er god på og kva eigenskapar ein sjølv har.

– Då har du plutseleg mange moglegheiter. Det er mange grunnar til at ting ikkje kan gå, men det er også mange grunnar til at ting kan gå. Prøv å fokuser på dei, rår Birgit.