Det bestemte Stortinget på måndag, skriv Framtida. Leiar i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh, Emilie Biti-Jessen, synest dette er ei god nyheit.
– Det er viktig at den norske staten anerkjenner at vi har eit urfolk i Noreg. Det å bestemme at den samiske befolkningen skal få urfolksstatus i Grunnlova, er ei anerkjenning frå staten som betyr utruleg mykje.
Ho håper dette betyr at arbeidet med samiske saker for barn og unge blir styrkt.
– Eg håper at barn og unge sine rettar til språk og kultur vil bli anerkjent.