Fakta om kvensk språk
Kvensk er eit finsk-ugrisk språk, som betyr at det liknar på finsk og samiske språk.
Det finst tre typar kvenske skriftspråk:
- Porsanger/Nordreisa
- Varanger
- Elvedal
Kristine Jonas, leiar i Kvenungdommen beskriv språket:
«Det er veldig likt på finsk, men ein gammal type finsk. Om ein finsk person hadde høyrd nokon snakka kvensk hadde dei kanskje trudd at dei snakka veldig gammaldags»
I 2022 gav Kvenungdommen og Ruija forlag ut den norsk-kvenske fraseboka Fraasikirja. Boka er laga spesielt for ungdom og inneheld nyttige ord og uttrykk for dei som vil læra seg å snakka kvensk.
Introduser deg
Om du vil bli ven med nokon som snakkar kvensk er det lurt å starta med å seia hei. Då kan du bruka eit av desse uttrykka:
- Hyvvää päivää – God dag
- Hei – Hei
For å bli betre kjend kan du stilla nokre spørsmål.
Om du lurer på kva nokon heiter kan du seia Mikä sinun nimi oon? eller Kuka sie olet?
Då får du kanskje Minun nimi oon Pekka eller Mie olen Pekka som svar. Det betyr eg heiter Pekka, men namnet bytar du ut med ditt eige.
Fleire bli kjend-spørsmål kan til dømes vera:
- Kunka se mennee? – Korleis går det?
- Kunka vanha sie olet? – Kor gammal er du?
- Mitä tehet vapaa-aiassa? Mitä tehet vapaa-aijassa? – Kva gjer du på fritida?
Gratulasjonar
På Kvenfolkets dag kan du gratulera ved å seia Hyvvää kvääninkansan päivää.
Eller så kan du bruka Onnea päiväle eller Onnee päiväle, som betyr gratulerer med dagen. Den kan du òg bruka til å gratulera nokon med bursdagen, 17. mai eller andre store dagar.
Kan du kvensk?
Om nokon no spør deg om du snakkar kvensk – Ossaatko sie kvääniä? eller Ossaatko sie kväänii? Kan du svara Mie ossaan vähän, at du kan litt.