– Klassen merka seg ut med mange gode intervju og mange morosame vitsar i skrivekonkurransen til Framtida Junior. Elevane konkurrerte med klassar frå heile Noreg som sende inn tekstar til konkurransen, seier redaktør for Framtida Junior, Svein Olav Langåker.
Kontaktlærar Inger Johanne Patterson fortel klassen blei overraska og glade då dei fekk beskjeden om at dei hadde vunne.
– Det er ein kjekk gjeng med stor skriveglede det her, seier ho til lokalavisa Hardanger Folkeblad som har intervjua vinnarklassen.
I norsktimane arbeider elevane med å skriva og illustrera sine eigne bøker om valfrie tema i valfrie sjangrar.
Miljøjournalistkurs
Før skrivekonkurransen fekk alle dei tre sjetteklassane på Odda barneskule miljøjournalistkurs av Framtida Junior. I vinter er det ni skular i Vestland som har fått miljøjournalistkurs av Framtida Junior, støtta av Vestland fylkeskommune.
I Ullensvang har fleire klassar ved Odda barneskule, Kinsarvik skule og Opedal skule blitt kursa i blant anna intervjuteknikk og å skriva om natur, miljø og klima.