Forslaga kjem frå politikarar i delstatane Iowa og Minnesota fordi det er så stort behov for arbeidarar i delstatane, skriv Washington Post.
I dag er barnearbeid ulovleg i både Noreg og USA. Desse lovane er på plass for å sikra at barn og unge får god tid til å både gå på skule og ha fritid. I tillegg vernar det ungdom ifrå svært krevjande og nokre gongar farlege jobbar.
Mangel på arbeidskraft
Politikarane ønskjer å senka aldersgrensa for desse jobbane fordi det er stor mangel på arbeidskraft der dei bur. Det er altså mange ledige jobbar og for få arbeidarar til å fylla dei.
Forslaget i Minnesota vil la 16- og 17-åringar arbeida på byggeplassar. Forslaget i Iowa vil opna for at ungdom over 14 år kan arbeida i fabrikkar.
Meiner det kan vera farleg
Dei som er kritiske til lovforslaga meiner at arbeidsplassane kan vera farlege for ungdom. Éin av dei som er kritiske er Connie Ryan, ho er leiar for den tverreligiøse alliansen i Iowa.
– Det er ein grunn til at samfunnet vårt sa at det ikkje er passande for barn å arbeida under slike forhold, seier Ryan i eit radiointervju.