Boka til prins Harry sette ny rekord

Boka «Spare», eller «Reserve» på norsk, er den raskast seljande sakprosaboka nokosinne.

Sakprosa

«Sakprosa» er bøker og tekstar som er sanne forteljingar, i motsetnad til fiksjon eller skjønnlitteratur.

Det kan til dømes vere biografiar, lærebøker eller journalistikk.

LES FAKTALUKK FAKTA

Boka selte over 400 000 eksemplarer dagen ho vart utgjeven. Det er den raskast seljande sakprosaboka nokosinne.

Boka er sjølvbiografien til prins Harry, yngstesonen til Charles den tredje, kongen av Storbritannia.

Det har vore knytt store forventningar til biografien, som avslører fleire private detaljar om den britiske kongefamilien. Prins Harry og kona hans, hertuginne Meghan, har blitt mindre involvert i kongefamilien dei siste åra, og bur no i USA.

I 2022 annonserte dei at dei ikkje kom til å gjennomføre offisielle oppdrag på vegner av kongefamilien lenger. Boka legg fram den personlege historia til Harry og forholdet han har til både kongefamilien og media.


Les også: Tre av ti unge vil bli konge eller dronning

PRINSESSA: Tre av ti unge ønsker å bli kongelege. Har dei ein sjanse? Då må ein gifta seg med Ingrid Alexandra. Foto: Ida Bjørvik, Det kongelige hoff