Tre av ti unge vil bli konge eller dronning

Norstat ringde rundt til 1.000 menneske mellom 16 og 20 år. Spørsmålet var: Kunne du ha tenkt deg å bli konge/dronning av Noreg?

63 prosent svara nei, 28 prosent svara ja, og 9 prosent visste ikkje. Kva ville du svart?

Ung.Forskning.no har snakka med Carl-Erik Grimstad som er statsvitar og kongehusekspert om kva han tenkjer om tala.

– Det har vore mykje fokus på alt ansvaret ved ein sånn jobb. Livet er på ein måte litt bestemt for deg når du er kongeleg. Unge folk vil gjerne bestemma sjølv og ha alle moglegheiter opne, seier han til Ung.Forskning.

Les også: 18 ting du kanskje ikkje visste om prinsesse Ingrid Alexandra

Må oppføra seg

Grimstad fortel at kongelege får gjera mykje spennande. Dei får representera landet vårt, og reisa verda rundt. Men det er mykje ansvar.

– Dei må læra seg å halda talar og så må dei oppføra seg veldig bra. Viss ein gjer noko eller seier noko som blir dumt for kongehuset, så har ein ikkje gjort jobben sin, seier han.

Må gifta seg

Tre av ti unge ønsker å bli kongelege. Har dei ein sjanse?

– Då må ein gifta seg med Ingrid Alexandra, seier han.

NRK står bak undersøkinga som Norstat har gjennomført.

Kunne du ha tenkt deg å bli konge/dronning av Noreg?

Kunne du ha tenkt deg å bli konge/dronning av Noreg?

Ja!59
Nei.51
Veit ikkje.36
Svar totalt: 146