Halvparten av jenter mellom 13 og 14 har blitt spurde om nakenbilete

Det er vanlegast bli spurd om å dele nakenbilete frå ukjende på internett, ifølge ei ny undersøking.

Det viser ei undersøking som Medietilsynet har gjort om born og medium i 2022.

47 prosent av jentene i aldersgruppa har blitt spurde om å sende nakenbilete. Blant gutane har 20 prosent – éin av fem – fått spørsmål om å sende «nudes», skriv NPK.

Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, synest det er urovekkande at så mange unge jenter opplever mas og press frå ukjende om å dele nakenbilete.

Politiet fortel til NPK at dei har merka at fleire og fleire born sel nakenbilete eller videoar av seg sjølve på internett, ofte på Snapchat.

Helge Haugland i Kripos meiner at foreldre må snakke med ungdommane sine om konsekvensane ved sal av nakenbilete. Han oppmodar om å ta kontakt med politiet dersom noko straffbart har skjedd.


Les også: Unge gutar vert pressa for pengar med nakenbilete

Illustrasjonsfoto: Adrian Swancar / Unsplash