Medan reklame for produkt som skal gi større musklar treffer både jenter og gutar, er jenter særleg utsette for å få reklame for slanke- og venleiksprodukt.
Sosiale medium er bygde opp med algoritmar som gjer at brukarane blir eksponerte for meir av den typen saker dei les eller reagerer på.
– Det er viktig å få redusert reklame og anna innhald som kan føre til kroppspress overfor barn og unge. Her bør både plattformene som tilbyr tenester i sosiale medium og influensarar med unge følgjarar ta ansvar, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, i ei pressemelding.