Filmen handlar om eit troll som vert vekt til live og går mot storbyen Oslo.
– Eg hadde aldri trudd at vår norske troll-film skulle nå så breitt ut over heile verda. Det er heilt fantastisk, seier regissør Roar Uthaug i ei pressemelding, ifølgje 730.no.
Netflix opplyser i strøymestatistikken sin at den norske filmen «Troll» var den mest sette ikkje-engelskspråklege filmen på plattforma den siste veka. Filmen er blitt strøyma 75,86 millionar timar, noko som er ny rekord for ein ikkje-engelskspråkleg film på Netflix i løpet av ei veke.
Filmen hadde premiere på Netflix torsdag 1. desember.