Haaland-forfattar: – For å bli så god som han, må nesten alt klaffa

Ørjan Zazzera Johansen har skrive boka «Historia om Erling Braut Haaland». I dette intervjuet får du vita kvifor fotballspelaren frå Bryne har blitt så god – og kva som er favorittmaten hans.

– For å bli så god som han, må nesten alt klaffa. Han har gode gener, er rask og sterk, har glimrande balanse og kroppskoordinasjon. Men han er også lynrask i oppfattinga og lur.

Ørjan Zazzera Johansen har skrive boka om Erling Braut Haaland. Foto: Samlaget

– Han har vore heldig med at han vaks opp med så mange gode og interesserte ungar i nabolaget, og alltid hatt noko å spela med. Han har hatt gode trenarar heile livet, og eit godt forbilde og samtalepartnar i faren, Alfie, som også var ein glimrande fotballspelar.

– Han har gjort kloke klubbval og utvikla seg i eit tempo som var rett for han. Og så er han valdsamt motivert og seriøs i alt han gjer, døgnet rundt, for å bli så god som mogleg.

– Kva er viktigast for å bli god som fotballspelar?

– Å spela mykje fotball.

– Kvifor ville du skriva boka?

– For det første er eg, som alle fotballinteresserte, imponert over Haaland og hadde lyst til å sjå nærmare på kva som låg bak suksessen. Dernest er jo brynebu og kan mykje om Haaland sin moderklubb. Eg tenkte eg var rette mann for oppgåva. Og så er eg utdanna lesevitar og ønsker at barn og unge skal lesa meir, og då er det jo ein fordel å skriva om noko dei interesserer seg for.

Haaland-boka har vore blant dei mest selde faktabøkene for barn no i haust. Foto: Samlaget

Nesten umogeleg å få snakka med Haaland

Ørjan Zazzera Johansen brukte tre månader på sjølve skrivinga, deretter eit par månader på bearbeiding av teksten. Alt i alt nærmare eit halvt år.

– Kor kjekt var det å skriva boka? Og kor vanskeleg var det?

– Det var veldig kjekt, fordi eg fekk skriva om noko som interesserer meg. Eg likar å skriva om fotball og særleg fotball på Bryne.

– Men det er vanskeleg å skriva om menneske og stader på heimstaden min, fordi eg kan treffa dei eg skriv om på butikken eller kor som helst. Då blir eg gjerne litt engsteleg for at det kan vera noko i boka dei ikkje likar. Men det er jo ei hyggeleg bok, dette, så eg reknar det som sikkert at alle er fornøgde.

– Var du ferdig med boka før Haaland scora sitt første hattrick i Premier League?

– Eg fekk med meg den første kampen, då han skåra to mål. Ein månad seinare var boka i butikkane. Det er eg veldig fornøgd med. Hat tricka kom eit par veker for seint, så dei får eg ta ein annan gong.

Ørjan Zazzera Johansen held med Manchester United, og var litt skuffa då Haaland gjekk til City. – Men dei laga eg set aller høgast, Bryne FK og Rosseland BK, dei har eg og Haaland til felles.

– Har du snakka med Haaland om boka? Har du intervjua han?

– Nei, det er nesten umogleg å få snakka med Erling, han skal berre kvila og trena, og det synst eg er heilt rett. Men eg såg han sykla forbi ein gong. Han syklar forresten kolossalt fort.

Sprek mormor

– Og veit du om han har lese boka?

– Nei, men eg veit at mormora hans har kjøpt den, for ho kom bort til meg på boklanseringa. Ho sette forresten kretsrekord på 100 meter for jenter, så Haaland har hatt god forsyning av gode gener.

– Korleis veit du så mykje om Haaland?

– Fordi eg bur på Bryne og følger med på det som skjer i klubben. For to år sidan skreiv eg ei bok i lag med ungdomstrenaren hans, Alf Ingve Berntsen, som handla om det laget Haaland spelte på frå han var fem til 16. Så eg har innsideinformasjon om korleis han trente då han vaks opp. Eg har også snakka med andre trenarar, lagkameratar, og følgd godt med på karriera hans etter han reiste vidare til andre klubbar.

– Veit du kva som er favorittmaten til Haaland, og veit du kva songar han høyrer på før kamp?

– Han har sagt at kebabpizza er det beste han veit. Når det gjeld musikk veit eg ikkje anna enn at han likte å lytta til meisterligahymna for nokre år sidan, men eg veit ikkje kva han høyrer på nå. Brynekassetten frå 1987, kanskje? Eller Rosselandssangen?

LES OGSÅ: Saftig vekeløn for Haaland

Erling Braut Haaland er blant verdas best betalte fotballspelarar no. Foto: NTB, AP Photo/Rui Vieira

– Kven likar du best: Ronaldo eller Messi?

– Definitivt Messi, men det har ingenting med korleis Ronaldo har oppført seg i United å gjera. Som tilskodar elskar eg å bli overraska, sjå spelarar som lurer motstandarane trill rundt. Messi er ein større ballkunstnar og eit kreativt geni, medan Ronaldo er ein som gjer dei rette vala. Men den største helten min er Maradona, han var også eit geni. Og Ronaldinho.

– Trur du Haaland kan spela neste fotball-VM for Noreg?

– Absolutt. Eg har stor tru på eit Noreg med Haaland og Ødegaard i sentrale rollar. Eg gler meg allereie.

– Følgjer du med på fotball-VM?

– Ja. Det var litt vanskeleg i år sidan det er så mykje eg ikkje likar med Fifa og Qatar, men alle idrettsmeisterskap handlar først og fremst om konkurransane. Eg vil gjerne at idretten skal vera ei frisone der alle kan vera med.

– No har me vore flinke til å seia ifrå, slik at Fifa tenker seg om neste gong dei skal tildela VM. No må me få lov til å nyta spelet og alt det artige som kan skje på ein fotballbane. Dessutan skaper fotball-VM minne.

– Den første romanen min handla om ein juniorspelar som drøymte om Maradona, slik eg sjølv gjorde. Utgangspunktet var sjølvsagt VM 1986, då argentinaren inspirerte unge fotballspelarar over heile verda. Slike opplevingar er viktige, og faktisk ein grunn til at eg blei forfattar. Eg håpar alle barn får lov til å sjå på VM. Og så kan dei springa ut og leika Messi etterpå.

 

Tusen takk til elevar ved Odda barneskule, Moster skule og Garnes barneskule for hjelp med gode spørsmål!

Ørjan Zazzera Johansen jobbar til vanleg på Garborgsenteret. Her har han laga ein teikneserie med den kjende forfattaren Arne Garborg og Erling Braut Haaland.