Under ei veke seinare kom eit liknande innlegg frå artisten Boy Pablo (23), der han avlyste den komande Asia-turnéen sin.
Han skriv mellom anna: «Energinivået mitt er veldig lågt og å reise mellom tidssoner når eg slit med insomnia er ikkje noko eg kan utsetje kroppen min for akkurat no.»
– Hadde bestemt seg for å vere ærleg
Tim Dunham jobbar med Boy Pablo, som eigentleg heiter Nicolas Muñoz, i plateselskapet og managementet 777Music. Han fortel i ein e-post til Framtida.no at det er viktig for dei at artistane gjer det som følast rett for dei og deler det dei sjølv ynskjer.
– Me oppmodar til ærlegdom og i dette tilfellet var det lett fordi Nico meiner psykisk helse er viktig å prate om og han har fantastiske, støttande fans.
Han fortel at responsen har vore overveldande positiv og støttande frå både fans og samarbeidspartnarar.
- Les også om arbeidskvardagen som manager: Manbir (37) promoterer stjerneskota frå UNDERGRUNN
CREO: – Vanvitig prestasjonsyrke og usikker arbeidssituasjon
I CREO – forbundet for kunst og kultur, er psykisk helse eit viktig tema.
– Kunstnarar, musikarar og artistar har til alle tider hatt ein ganske ekstrem kombinasjon av vanvitige prestasjonsyrke, saman med ein for mange, veldig usikker arbeidssituasjon med dårlege rettar om ein blir sjuk, stort press og at det går ut over andre om ein må avlyse. Det er heilt naturleg at denne gruppa kan ha det tøft psykisk.
Forbundet har teke oppretta tilbod for samtaleterapi, arrangement og markere verdsdagen for psykisk helse.
Internasjonale artistar avlyser
Det er ikkje berre i Noreg artistar kjenner på presset og må avlyse. Internasjonalt er det også fleire store artistar som avlyser konsertar og turnear for å ta vare på si psykiske helse. I juli avlyste Shawn Mendes turnéen sin for å ta vare på si psykiske helse. I september gjorde bandet Wet Leg det same.
– Når ein artist har gått til det skrittet å avlyse, så er det alvor, for det sit langt inne, fortel Thomassen.
Både overfor seg sjølv, publikum og at ein har så stor lojalitet til alle andre som blir rørt av det, til dømes dei som er del av turneen og konsertserien, forklarar ho.
– På eín måte gjer det meg trist fordi det viser at så mange ikkje greier å halde det gåande, samstundes gjer det meg glad fordi det viser at folk tar heile si psykiske helse på alvor.