Boka Herman – Historier fra en udiagnostisert oppvekst har vore på toppen av bestseljarlista for barnebøker i to veker på rad.
Ifølge Bokhandlerforeningen har boka også selt meir enn alle andre bøker i Noreg, uansett sjanger.
Boka er skrive i samarbeid med forfattar Erlend Loe.
Flesvig seier til VG at han er veldig takksam.
– Det er utruleg fint at boka når fram til akkurat dei eg hadde i tankane då vi skreiv henne. Tilbakemeldingane er at vaksne les den saman med born, og at skular kjøper den inn i gåve til alle tilsette, seier han til VG.
Les også: Mannen som fann opp Kahoot ser på ADHD-diagnosen som si superkraft