Mannen som fann opp Kahoot ser på ADHD-diagnosen som si superkraft

Johan Brand, mannen som fann opp Kahoot, er redd barn og unge som har ADHD ikkje blir sett for evnene sine.

FAKTA om ADHD:
  • Tal frå NHI viser at ein stad mellom 70.000 og 130.000 norske barn har ADHD, dysleksi eller Aspergers syndrom.
  • Bokstavane ADHD står for Attention Deficit Hyperactivity Disorder.
  • Symptoma kan i dei fleste tilfelle forståast som ei nevrologisk forstyrring som først og fremst inneber auka uro, impulsivitet og vanskar med merksemd.
  • ADHD blir omtalt som ein tilstand, og ikkje ein sjukdom.

(Kjelde: NHI, ADHD Norge)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Aller helst skulle eg ønska me ikkje trong diagnosar. At me berre kunne akseptera at me er ulike, og at skulen og samfunnet må tilpassa seg barna, i staden for det motsette, seier Kahoot-gründeren til NRK.

– Såkalla «svake elevar» kan vera sterke elevar, om dei berre får uttrykt seg på eigne premissar, seier Brand. Hans største ønske er at barn og unge ikkje skal føla diagnosen sin som ei belastning.

– Eg omtaler ADHD-en som mi superkraft, seier han.