Alt du treng å vite om OL

I dag startar dei olympiske leikane i Pyeongchang i Sør-Korea! Me har laga ei tidslinje med historiske milepælar og fakta frå år 700 f. kr. til i dag.

  • 700 f.Kr.: Idrettsleikane i oldtida vart arrangert i Olympia, i landskapet Elis ved Alfeioselva på nordvestkysten av Peloponnes i Hellas. Leikane var opprinneleg ein religiøs fest til æra for dei greske gudane, spesielt Zevs.
700 f.Kr ILLUSTRASJON: Wikipedia public domain
  • 396 f.Kr.:  Cynisca frå Sparta vart den fyrste kvinnelege vinnaren i leikane. Ho vann i hestekappløp.
  • 393 e.Kr.: Leikane døydde sakte ut på 300-tallet e.Kr. då kristendommen vann grunn i Romerriket. Leikane vart arrangert siste gong i året 393 e.Kr., Det var den romerske keisaren Theodosius som bestemte at det var slutt.
393 e.Kr.: ILLUSTRASJON: Wikipedia public domain
  • 1612: Den engelske advokaten og forfattaren Robert Dover starta Cotswold Olimpick Games.
1612: ILLUSTRASJON: Wikipedia public domain
  • 1796: Den nasjonale L’Olympiade de la République vart arrangert årleg i Frankrike frå 1796 til 1798 og omfatta ei rekkje konkurransar frå antikkens leikar.
  • 1870-årene: Den franske baronen Pierre de Coubertin lurte på kvifor dei franske soldatane tapte krigen mot Det nordtyske forbund, og fann at det måtte vera at dei var i for dårleg fysisk form.
  • 1894: Baronen oppretta Den internasjonale olympiske komité på den fyrste olympiske kongress, på Sorbonne-universitet i Paris 16.–23. juni. På kongressens siste dag bestemte dei at dei fyrste eigentlege internasjonale olympiske leker skulle starte i Athen i 1896.
ILLUSTRASJON: Wikipedia public domain
  • 1896: Dei fyrste moderne olympiske leker vart arrangert 6.–14. april 1896 i Athen. Mange av leikane var å sjå på Panathinaiko stadion, som hadde røter tilbake til oldtida.
1896: FOTO: Wikipedia public domain
  • 1900: Noreg deltok ikkje i dei fyrste leikane, men stilte med sju deltakarar i Sommar-OL i 1900 i Paris.
  • 1900: Charlotte Cooper frå Storbritannia vart den fyrste kvinnelege olympiske meister under OL i Paris i 1900.
1900: FOTO: Wikipedia commons public domain
  • 1904: Under OL i St. Louis vart merksemda omkring leikene skuffande låg. Det same skjedde i Paris fire år tidlegare.
  • 1906: Etter to skuffande OL vart det bestemt at det skulle bli jubileumsleikar for å feire starten på dei moderne leikane. Det vart dei olympiske mellomleikane i 1906. Dei vart ein publikumssuksess!
  • 1912: Frå 1912 til 1948 var kunstkonkurranser ein del av leikane. Dei fem kunstartane arkitektur, skulptur, musikk, malerkunst og litteratur var ein del av det olympiske programmet, og kvart kunstverk skulle ha eit preg av sport.
  • 1916: Då fyrste verdskrig starta vart det sett ein stoppar for OL.
  • 1924: Dei fyrste vinterleikane vart arrangert i Chamonix.
  • 1940: Etter dei olympiske lekene i Berlin i 1936 vart OL igjen ramma av ein verdskrig, og leikane i 1940 og 1944 vart avlyst.
  • 1952: Vinterleikane vart arrangert i Oslo.
1952: FOTO: Wikipedia CC BY-SA 4.0 (2)
  • 1960: Til sommar-OL i 1960 i Roma brakte den britiske nevrologen Ludwig Guttmann 400 idrettsutøvere for å konkurrere i «Parallell-OL», som ble i ettertiden har blitt kjent som de første paralympiske leker. Dette biletet er frå Geilo i året 1980.
1960: FOTO: Wikipedia public domain
  • 1968: OL vart arrangert i Mexico, og studentar ville nytte merksemda rundt OL til å få fram meiningane sine. Mexicos president Gustavo Díaz Ordaz ville ikkje ha oppstyr under leikane, og den meksikanske regjeringa svara studentane med vald. 2. oktober vart meir enn to hundre studentar skutt av regjeringsstyrkar i Tlatelolcomassakren.
1968: FOTO Dennis Jarvis Flickr CC BY-SA 2.0 (2)
  • 1992: Vinter-OL i Albertville i 1992 vart den siste vinterolympiaden som vart arrangert same år som sommar-OL. No er det to år mellom kvar gong det vert arrangert olympiske leikar.
1992: FOTO- Caravanum Flickr CC BY 2.0 (2)
  • 1994: Vinterleikane vart arrangert i Lillehammer.
  • 1996: Under Sommar-OL 1996 i Atlanta vart ei bombe detonert ved Centennial Olympic Park. Bomba drepte to og skada 111 andre.
1996: FOTO Mmann1988 Flickr CC BY 2.0 (2)
  • 1972:  Då sommar-OL vart arrangert i München, vart elleve medlemmar av den israelske OL-troppen tatt som gissel av den palestinske terroristgruppa Sort September. Alle vart drepne.
  • 2000: I byrjinga av det 20. århundre starta mange OL-utøverar å bruke doping for å bli betre i sin idrett. Vinnaren av maraton under Sommar-OL 1904, Thomas Hicks, fekk det forbudte stoffet stryknin og brennevin av treneren sin.
  • 2004: Idrettsutøvaren med flest medaljar i alt er Michael Phelps i svømming. Han har vunne 22 medaljar.
2004: FOTO: Wikipedia public domain
  • 2012: Sommar-OL 2012 i London var dei fyrste leikane i olympisk historie der alle land stilte med kvinnelege idrettsutøverar.
2012: FOTO: Sarah & Austin Houghton-Bird_Flickr_CC BY 2.0-lisens
  • 2018: Vinter-OL i Pyeongchang i Sør-Korea startar! 3000 utøverar deltek i leikane mellom fredag 9. og sundag 25. februar.