TINE sine mjølkekartongar får både norsk og nordsamisk tekst i Troms og Finnmark. Kartongane kjem ut frå nyttår.
Forslaget om samisk tekst vart teke opp av sametinget i fjor. TINE har no, i samisk språkveke, gitt klarsignal til forslaget.
I første gong kjem kartongane berre ut i det nordlegaste fylket. Likevel fortel konsernsjef Gunnar Hovland at det kan kome andre stader.
– Vi skal spegle mangfaldet i landet vårt, seier han.
- Les også: Kor mykje samisk kan du? Test deg sjølv!