– Det er veldig naturleg å vere redd og uroleg når det er krig, for krig går utover folk og kan vare lenge, sa Jonas Gahr Støre.
Men statsministeren sa at det var viktig å hugse på at det er trygt i Noreg, sjølv om det er krig i Ukraina.
Kunnskapsminister Tonje Brenna var einig:
– Det er ingen grunn til å vere redd her i Noreg, men eg håpar barn tek vare på engasjementet som osar ut av dei. At dei føler med ukrainske barn, for den empatien treng vi!
Sluttar krigen om Putin døyr?
Elevane hadde mykje på hjarta, og Meri lurte på kvifor Russland i det heile vil ta Ukraina?
Det syntest statsministeren var eit veldig godt spørsmål:
– I Europa så har vi vore vane til at vi set oss ned og prøvar å finne ei løysing om vi er ueinige. Vi snakkar saman og forhandlar. Det å ta med seg mange soldatar over grensa til eit anna land og gå til krig, det er nesten uforståeleg.
Men Støre trur det kan vere fordi det ikkje er demokrati i Russland, og fordi dei som har makt trur dei kan gjere som dei vil.
Men kva om Putin døyr, stoppar krigen då? Statsministeren sa at det er vanskeleg å vite, for vi veit ikkje kven som hadde teke over som president.
– Vi må jobbe opp mot dei som styrer i Russland i dag, og det er president Putin. Han har veldig mykje makt, og det er han vi må sende ein klar bodskap til.
– Trist at Putin og Russland gjer så dumme ting
Vibe, Ylva, Petter og Alban har alle tenkt mykje på krigen i Ukraina.
– Det er veldig trist at Putin og Russland gjer så dumme ting, fordi dei meiner at Nato trugar Russland. At dei drep så mange folk i Ukraina på grunn av det, fortel Vibe Danielsen Brustad (11).
Elevane syntest det var kjekt å få stille spørsmål til statsministeren, men det var òg litt skummelt. Dei håpar krigen snart tek slutt.
Støre trur nok krigen kjem til å vare litt til, fordi det framleis er slåsting og ikkje noko prat mellom landa. Men han håpar Ukraina skal få tilbake retten til å vere Ukraina, utan å verte angripne.
Inviter i bursdag
Til no er det kome over 30.000 flyktningar frå Ukraina til Noreg, og berre den siste veka har tre nye ukrainske elevar starta på Gamlebyen skole.
Støre sa at det er viktig at vi tek godt vare på barna som kjem slik at dei veit dei er trygge her.
Kunnskapsministeren minna om at ein må inkludere ukrainske barn, og gje dei ekstra omsorg:
– Ver hyggeleg og grei. Spør kva dei heiter og sei kva du heiter, inviter dei med på leik i friminuttet, i bursdag og på fotballtrening!