Eit japansk forskarteam har målt tårene i hundars auge. Dei har samanlikna tårenivået i normal omgang med eigaren, med gjensynet etter at eigaren har vore borte, skriv Framtida.no.
-
– Me har aldri høyrt om at nokon har oppdaga at dyr gret i gledesfulle situasjonar, som gjenforeininga med eigarane sine, seier Takefumi Kikusui ved veterinærinstituttet på Azabu-universitetet til NPK-NTB-AFP som fyrst ontala saka i Noreg.
Når ein hund møter eigaren sin etter å ha vore skild i fem til sju timar, aukar tåreproduksjonen betydeleg dei neste fem minutta, heiter det i rapporten.
Studien blei fyrst publisert i tidsskriftet Current Biology