– Til saman har heile skulen lese 260.000 sider. «Leisereisen» sa at me skilta oss ut i forhold til andre skular. Det er jo litt kjekt, seier Mats (11).
Han, Odin (11), Tiona (11) og Karina (11) går i 6. klasse på Austrheim skule, som ligg i Haugesund.
I år har dei vore med på den nasjonale lesekonkurransen «Lesereisen», der målet er at alle 1.-7.-klassingane som er med, skal føla på meistring. Det er viktig både for å bli ein god lesar, og for at barn og unge skal ha lyst til å lesa meir.
Og nettopp dette er dei gode på Austrheim skule. Der har dei nemleg innført eit tiltak for å få fleire av elevane til å lika lesing.
- Les også: Lesetips frå 6.-klassingane
«Lesekvart» kvar dag
– Me har «lesekvart» nesten kvar einaste morgon. Då blir det roleg i klassen, seier Odin.
– Det er på ein måte som avkopling i kvardagen, legg Mats til.
Nina Øyfrid Sandøy, som er bibliotekar på Austrheim skule, fortel at den dedikerte tida til lesing er bra for elevane.
– Viss du tenkjer på kor mange sider kvar elev på skulen les frå 1.-7. klasse, så er dette absolutt med på å auka lesekompetansen og lesegleda, seier ho.
6.-klassingane Framtida Junior snakkar med, har lese så mange bøker, at det er vanskeleg å halda oversikt over kor mange dei kan kryssa av.
Motiverande med konkurransar
– Eg har sikkert lese 1000 bøker, seier Karine etter å ha tenkt seg litt om.
Dei er alle einige om at konkurransar som «Lesereisen», er med på å auka lysta til å halda fram med lesinga.
– Det har vore veldig kjekt å vera med. Eg likar konkurransar, då dei er veldig motiverande, seier Tiona.
Konkurransen var delt inn i forskjellige nivå, og der elevane fekk fleire forslag til bøker. Dei skildrar bøkene som kjekke og varierte. Karine fortel at ho også har lært noko nytt etter konkurransen.
– Det kan faktisk vera like bra å lesa på PC som i ei fysisk bok. Men det kan vera lurt å sitta rett opp og ned, viss du skal lesa på skjerm, seier ho.