Lesetips frå 6.-klassingane

Elevane på Austrheim skule er veldig glad i å lesa bøker. Her får du deira beste lesetips.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Odin anbefaler:

Faktabøker. Gjerne ei som handlar om vikingar eller liknande. Han er også veldig glad i bokserien «En pingles dagbok».

Karine anbefaler:

Bokserien «Første dag i 7. klasse», som er artig og spennande. Ho fortel at den handlar om forskjellige barn, som alle går i den same klassen. Ho er også veldig glad i «Harry Potter»-bøkene.

Mats anbefalar:

Både faktabøker og teikneseriebøker. Han trekkjer fram «Legend of Zelda», som er ei Manga-bok. Han er også glad i «Dragon Ball».

Tiona anbefaler:

«Nordlys»-serien, fordi det er ein kjekk teikneserie med mykje fantasi. Ho er også glad i faktabøker, og fortel at ho mellom anna har lese ei om snøskred.