Sjiraffen har lang hals for å slåst betre

Når sjiraffhannar slåst, bruker dei halsen til å få sving på hovudet - og så smell dei hovuda saman.

Forskarane er ikkje heilt samde om kva som er hovudgrunnen til at sjiraffen har utvikla ein lang hals. Nokon meiner det er for at sjiraffen skal nå lauva høgt oppe i trea, andre at det er for å sjå rovdyr på lang avstand.

No har forskarar også funne ut at det lønner seg å ha lang hals når ein sjiraff skal slåst, skriv Ung.Forskning.no.

17 millionar år gamle fossil

Kinesiske forskarar har nemleg undersøkt ein av forfedrane til sjiraffen. Nordvest i Kina fann dei fire sjiraff-fossil som er 17 millionar år gamle. Denne tidlege sjiraffen, kalla Discokeryx xiezhi, har eitt stort horn.

GIF: Giphy.com

Dette kraftige hornet, saman med solide nakkevirvlar, er perfekt for kamp, meiner forskarane.

Ikkje for gøy

– Sjiraffar slåst ikkje for gøy. I naturen slåst dei slik når dei møter nye hannar og når dei parar seg, seier biolog Helene Axelsen til Ung.Forsking.no.

Det gamle sjiraff-fossilet bekreftar at nakke- og hovudkamp var ein viktig grunn til at sjiraffane fekk lang hals, meiner forskarane bak den nye studien.