Stortinget seier nei til stemmerett for 16-åringar

Forslaget til Venstre vart stemt ned i Stortinget.

Onsdag stemte Stortinget ned eit forslag frå Venstre om å senka stemmerettsalderen ved kommune- og fylkestingsval til 16 år, skriv Framtida.

I dag må du vera 18 år gamal for å stemma ved val i Noreg.

Dagens unge er samfunnsengasjerte

Grunde Almeland som er politikar i Venstre, gjekk onsdag på talarstolen i Stortinget for å tala for forslaget.

– Overgangen frå barneåra til livet som vaksen er glidande, men 16-åringar har alle naudsynte føresetnadar for å kunne bidra til demokratiet vårt gjennom valurna, sa han.

Han viste vidare til at unge i dag er meir samfunnsengasjerte enn tidlegare generasjonar. Dei er også flinkare til å delta i organisasjonar og til å skriva debattinnlegg.

Støtte frå andre parti var ikkje nok

Før stemminga tok til, hadde Venstre fått støtte for forslaget frå partia Raudt, SV, Arbeidarpartiet og MDG, skriv NRK.

Likevel haldt det ikkje til lovendring, då 78 representantar stemte for medan 88 stemte imot.