Stian vil gjera politikk gøy for barn

No gir han ut boka «Barnas Valg – din stemme teller!». Den skal gi barn kunnskap om korleis dei kan bruka retten sin til å påverka samfunnet vårt.

Handbok: Boka er illustrert av Linn Isabel Eielsen, og er i ein typisk avisteiknar-stil. Stian omtalar den som ei handbok i det du kan gjera for å påverka – kvar einaste dag, heile året. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

– Sist stortingsval var det ingen av partia som snakka om klima. No snakkar alle om det, og det kan me takka barna for, seier Stian Barsnes-Simonsen.

Han står bak Redd Barna si digitale storsatsing «Barnas Valg», som starta då han fekk ideen om at han ville gjera politikk gøy for barn.

– Eg likar å seia at «alt handlar ikkje om politikk, men politikk handlar om alt». Det handlar om mobbing, om jobben til foreldra dine, kor ofte bussen går og så vidare. Alle barn har rett til å bli høyrt i saker som angår dei, og sidan all politikk angår barn, kan dei kreva å seia meininga si om alt som skjer i samfunnet, seier han.

Men fleire barn kan nok tenka at politikk ikkje eigentleg er særleg gøy, men heller komplisert og kjedeleg. Det har Stian forståelse for.

Treng ikkje stemmerett

– Det kan vera irriterande å sjå på dei vaksne som pratar komplisert og berre snakkar om det me ikkje bør gjera, i staden for å snakka om det me bør gjera. Men politikk er eigentleg kjempegøy og handlar om alt som me er interessert i.

No håpar han at boka «Barnas Valg – Din stemme teller!», vil vera med på å synleggjera nettopp det. Alt politikk kan vera gøy og at barna har ei viktig stemme i samfunnet. Stian meiner nemleg at du ikkje treng stemmerett for å ha påverknadskraft.

– Sjølv om du ikkje har stemmerett, er du ein av folket. Derfor har du rett til å bli høyrt! Du har rett til å få svar dersom du kontaktar ein politikar på mail, det er ganske kult.

3 tips til å bli høyrt:

  • Skriv ein epost eller eit brev til ein politikar.
  • Meld deg inn i elevrådet eller i politiske parti eller organisasjonar.
  • Bruk stemma di i sosiale medium eller ved å kontakta lokalavisa. Kanskje vil dei intervjua deg, eller du kan skriva eit lesarbrev til dei?